FEIRING AV 50-ÅRSJUBILEUM
Frå 26.juni - 15.juli kan du få høve til å treffa Denne Stranda på fleire stader i Noreg. Me har nemleg sparka i gang feiringa av 50-åringen med ein Stranda sommarturné. Strandabilen og Strandavogna køyrer halve Noreg rundt og stoppar ved nokre av Strandamannen sine favorittbutikkar på vegen. Sander og Mathias har sommarjobben med å køyre rundt for å laga show og treffa dykk alle. Dei har med seg masse smaksprøver, iskrem med sprøstekt Strandaskinke, Strandamerch og lykkehjul. Sommarturnéen blir godt dokumentert i Strandas sosiale medium. Me håpar å sjå mange av dykk i sommar og at dykk vil fylgja med på reisa.
Avreise sommarturné: Strandabilen- og vogna framfor Skinkerådhuset på Stranda. Her ser du våre sommartilsette, Sander og Mathias, som er klare for å køyre rundt i Noreg saman med Strandamannen.
VI FORVALTAR EIN KULTURARV
På Stranda møtest mild og fuktig luft med vindane frå Sunnmørsalpane. Dette skapte gode forhold for speking av kjøt, og allereie mot slutten av 1800-talet vart det etablert handverksproduksjon av spekemat.
I dag vert produkta speka i moderne klimarom der den friske lufta vert teken inn og styrt pa° temperatur og fuktigheit. Grunnlaget vart lagt ved a° utnytte naturgitte forhold.
STRANDA SPEKEMAT VERT TIL
Det heile starta i 1973 då fjorten aksjonærar med mange års erfaring frå matproduksjon etablerte Stranda Spekemat AS. Ti av aksjonærane hadde bakgrunnen sin frå Ringstad pølsefabrikk, som hadde handverkstradisjonar heilt tilbake til 1884, og som hadde utvikla seg til å verte leiande produsent av spekepølser i Skandinavia. Ringstad vart i 1973 selt til Nora-Sunrose og administrasjonen flytta frå Stranda.
Dei fjorten personane som etablerte Stranda Spekemat med lik eigardel såg moglegheita i ei bedrift som var spesialisert på produksjon og sal av spekevarer. Den fyrste tida leigde Stranda Spekemat produksjonslokale i ein gamal fabrikkbygning, men i 1976 kunne dei ta i bruk eit moderne fabrikklokale bygd for spekematproduksjon. Fabrikken er utvida og modernisert fleire gongar, og har i dag eit areal på nesten 10 000 m2.

Stranda Spekemat AS gjekk saman med Grilstad Fabrikker AS i 1995. Stranda Spekemat hadde stor produksjon av den regionale spesialiteten mørpølse, og var spesialisert på spekemat av reint kjøt - spekeskinker og fenalår. Først og fremst hadde Grilstad styrken sin i spekepølsene salami og fårepølse. Sortimenta passa godt saman og skapte ein sterk spesialist på spekevarer.
Stranda Spekemat var innlemma for fullt i Grilstad AS då Grilstad fusjonerte med Spis.

I dag inngår Stranda-merket i Grilstad-konsernet og produkta er klar marknadsleiar i Noreg på spekeskinker, fenalår og mørpølser.
LOGOEN SI UTVIKLING
Den gjenkjennelege logoen har følgt med Stranda Spekemat sidan oppstarten i 1973. I starten var han raud, før han på 90-talet gjekk over til den klassiske Stranda-blåfargen som framleis kjenneteiknar merkevara i dag. Sjølv om logoen har endra farge, så har forma og skrifta halde seg i 50 år, og fungerer like godt i 2023 som i 1973.
SKINKERÅDHUSET
Stranda er utan tvil Noreg sin skinkehovudstad, og ein hovudstad må sjølvsagt ha eit eige skinkerådhus og eigen skinkeordførar.
Skinkerådhuset, som tidlegare har vore bank og kommunen sitt rådhus, er ein arena for utvikling av god spekeskinke. Det har ein møteplass med lokalt design frå Slettvoll, og eit stort kurskjøkken som vert nytta til opplæring og utvikling.

Viktige milepålar i Stranda Spekemat si historie
1973 - Etablert av 14 aksjonærar - dei fleste tilsette i bedrifta.
1986 - Fyrste store utviding - satsar meir på forbrukarpakka varer
1992 - Vel som fyrste kjøtindustribedrift distribusjon gjennom daglegvaregrossistar
1995 - Grilstad kjem inn på eigarsida - salssamarbeid med Grilstad fabrikker
1996 - Strandaskinke vart teke i bruk som produktnamn
1998 - Andre store utviding - samla areal 6100 m2
2000 - Salet av spekeskinker frå Stranda passerer 100 tonn pr. år
2007 - Fusjon med Spis Grilstad AS - seinare Grilstad AS
2010 - Salet av spekeskinker frå Stranda passerer 500 tonn pr. år
2016 - TIND Spekevarer vert kjøpt opp, og produksjonen vert integrert med Stranda Spekemat
2019 - Salet av spekeskinker frå Stranda passerer 1000 tonn pr. år
2019 - Anlegget vert utvida og utgjer samla 9 850 m2