Meld deg som

Påmelding

ER DU EIN STRANDASSADØR?

Er du fole glad i Stranda? Då vil vi ha deg med som Strandassadør – ambassadør for Stranda.

Det spelar inga rolle om du bor her, har flytta herifrå, eller berre blitt fasinert av staden ein gong du køyrde forbi. Er du stolt av Stranda kan du vere Strandassadør, og bli med å skape endå meir god omtale av Stranda. Strandassadørens oppgåve er enkel – det er rett og slett å framsnakke Stranda ved eit kvart høve, slik at heile Norge kan få lære meir om staden Stranda og menneska der. Og det gjer du vel allereie frå før?

Som Strandassadør vil du få tilgang til eit nettverk av andre Stranda-entusiastar og ein smakebit av Stranda i posten om du skulle ynskje det. Vi vil gjere det vi kan for at det skal bli endå lettare for deg å dele det gode frå Stranda med vener og kjente.

Om kampanjen:
Saman med heilt vanlege folk frå Stranda har vi laga ein kampanje til alle som er glade i Stranda. Stranda er ein liten stad med ei lang og rik industrihistorie – og mykje å vere stolt av. Dei høge fjella. Den vakre fjorden. Skiløypene. Møbelhistoria og mattradisjonane. Menneska og kulturen. Resten av Norge fortener å få vite meir om denne spesielle staden – og derfor skal Stranda no rekruttere Strandassadørar.

Påmelding

Bli med i Facebook-gruppa for stolte Strandassadørar!